Yohan Cabaye
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Yohan Cabaye (fødd 14. januar 1986) er ein fransk fotballspelar frå Tourcoing som sidan sommaren 2015 spelar på London-klubben Crystal Palace. Midtbanespelaren Cabaye har sidan 2010 delteke i 44 landskampar på det franske landslaget. Han var med både i fotball-EM 2012 og 2016, samt i VM i fotball 2014.
Cabaye spelte på franske Lille OSC frå 2004 til 2011. Her var han i sin siste sesong med laget med på å vinne både seriemeisterskapen og den nasjonale cupmeisterskapen. Deretter spelte han i tre år på Newcastle United i den engelske toppligaen. Sesongen 2014/15 spelte han på Paris Saint-Germain, og opplved for andre å verte franks serie- og cupmeister i ein og same sesong. I juli 2015 vart han overført til Crystal Palace, ein klubb som i mai 2016 tapte finalen i FA-cupen mot Manchester United, med Cabaye i ei sentral midtbanerolle.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Yohan Cabaye» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads