Yoshi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Yoshi
Remove ads

Yoshi er ein oppdikta dinosaur som er kjend frå fleire Nintendo-spel. Han debuterte som bifigur i spelet Super Mario WorldSuper Nintendo Entertainment System i 1991,[1] med ei beskjeden rolle som Mario sitt ridedyr, men har seinare fått sine eigne spelseriar, som Yoshi's StoryNintendo 64. Yoshi har sidan vore med i spel som Mario Kart, Mario Tennis og Mario Party.

Remove ads

Kjenneteikn

Det særeigne med Yoshi er salen, tunga, evna til å lage egg og hoppeevna. Yoshi var fyrst eit ridedyr for Mario og Luigi, men han har òg på seg salen i spel kor han spelar andre roller. Det er lett å tru at salen er eit skjelpaddeskal og difor ta Yoshi for å vere ein skjelpadde i slekt med Koopa Troopa-ar og liknande Nintendo-figurar, men dette er ikkje meir enn ei vanleg mistolking.

Den lange, klissete tunga til Yoshi har ei nykelrolle i fleire spel. Tunga si nyttar Yoshi til å få tak i frukt, fiendar, myntar osv. på avstand. Kva han gjer med det han får tak i varierer frå spel til spel, men i hovudsak kan svelgde fiendar nyttast til å lage egg, som Yoshi seinare kan kaste. Yoshi kan sjeldan ha med seg meir enn seks egg med seg på ein gong.

I dei fleste spel kor Yoshi spring om kring og kan hoppe, kan han halde seg flygande ei lita stund ved å spinne med beina. I nokre spel kan Yoshi gjere dette igjen og igjen, men søkke litt lågare for kvar gong, i andre spel er det avgrensa til eitt slikt sprang mellom kvar gong han røyrer bakken.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads