You Can’t Always Get What You Want
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«You Can't Always Get What You Want» er ein song av Rolling Stones på albumet Let It Bleed frå 1969. Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og vart av musikkmagasinet Rolling Stone rangert på 100. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Remove ads
Songen
«You Can't Always Get What You Want» vart spelt inn 16. og 17. november 1968 ved Olympic Sound Studios i London. London Bach Choir opnar songen og er med gjennom songen til den mektige finalen. Jimmy Miller, produsenten til the Rolling Stones på denne tida, speler trommer på songen i staden for Charlie Watts. Al Kooper speler piano, orgel og valthorn, medan Rocky Dijon spelar conga og maracas. Nanette Workman syng korvokal, men er omtalt som «Nanette Newman» på plateomslaget.
Dei tre første versa omhandlar dei tre store emna på 1960-talet: kjærleik, politikk og narkotika. Kvart vers fangar essensen i den opphavlege optimismen og den endelege desillusjoneringa, etterfølgd av den resignerte pragmatismen i refrenget.
Richie Unterberg frå allmusic skriv om songteksten at han syner slutten på den lange festen som var 1960-åra, eit fotografi av Swinging London som brenn ut, men at melodien samstundes er positiv og at refrenget minnar oss på at me ikkje alltid kan få det me vil ha, men at me får det me treng.[1]
Remove ads
Utgjeving
Songen har vorte ein moderne rockeklassikar, men vart berre gjeven ut som B-sida til «Honky Tonk Women» i ei forkorta utgåve. Han har vore ein av dei mest populære innspelinga til the stones og er gjeven ut på samlealbuma Hot Rocks, Singles Collection og Forty Licks.
Songen er ein av songane Rolling Stones har spelt flest gongar på konsertar, mellom anna på grunn av det allsongvennlege refrenget. Konsertutgåver av songen finst på albuma Love You Live, Flashpoint, Live Licks og The Rolling Stones Rock and Roll Circus.
Remove ads
Medverkande
The Rolling Stones
- Mick Jagger – vokal, akustisk gitar
- Keith Richards – akustisk og elektrisk gitar, korvokal
- Bill Wyman – bassgitar
Andre medverkande
- London Bach Choir – korarrangement av Jack Nitzsche
- Al Kooper – piano, orgel, valthorn[1]
- Jimmy Miller – trommer
- Rocky Dijon – conga, maracas, tamburin
- Madeline Bell – korvokal
- Nanette Workman – korvokal (som 'Nanette Newman' på omslaget)
- Doris Troy – korvokal
Salslister
Andre utgåver
Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Vince Guaraldi, Aretha Franklin, George Michael, Def Leppard, Luther Allison og Steel Pulse
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads