Live Licks

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Live Licks er eit dobbelt konsertalbum av The Rolling Stones frå 2004. Det kom ut seks år etter det førre konsertalbumet, No Security, og var det sjuande offisielle konsertalbumet til Rolling Stones. Opptaka er frå Licks-turneen i 2002-2003 som kom etter samleplata Forty Licks.

Meir informasjon Kritikk, The Rolling Stones-kronologi ...
Remove ads

Historie

Som eit dobbelt album valde bandet å dele dei to diskane inn i to kategoriar, dei velkjende klassikarane, og dei mindre kjende songane. Av spesielle gjesteartistar finn ein Sheryl Crow på «Honky Tonk Women», medan Solomon Burke syng på sin eigen «Everybody Needs Somebody to Love», som The Rolling Stones opphavleg spelte på The Rolling Stones No. 2 i 1965.

Live Licks kom ut i november 2004 og fekk særs god kritikk. Enkelte meldarar kalla albumet det beste konsertalbumet deira sidan 'Get Yer Ya-Ya's Out!' frå 1970. Albumet selde òg betre enn No Security frå 1998, med ein 38. plass i Storbritannia og 50. plass i USA. I Noreg enda albumet på 38. plass.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads