Young Turks
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Young Turks» er ein song av Rod Stewart som først kom ut i 1981 på albumet hans, Tonight I'm Yours. Songen vart spelt i ein ny stil for Stewart, synthpop og new wave.[1] Tittelen «Young Turks» vert aldri nemnt i songen, og i refrenget vert det i staden sunge «young hearts be free tonight», noko som har ført til at songen stundom feilaktig blir kalla «Young Hearts» eller «Young Hearts Be Free».
Musikken til songen vart komponert av Carmine Appice, Duane Hitchings og Kevin Savigar, med tekst skriven av Stewart.[3] Songen var den første singelen frå Tonight I’m Yours, produsert med synthesizer og ein hi-hat spelt over ein trommemaskin. På Billboard Hot 100, debuterte «Young Turks» på 61. plassen den 17. oktober 1981 og låg på femteplassen frå 19. desember 1981 til 9. januar 1982. Songen nådde 11. plassen på UK Singles Chart og nådde Topp 5 i Australia, BElgia Israel (førsteplassen) og Canada. Songen kom ut nokre månader etter MTV gjekk på lufta første gongen, og var den første videoen dei spelte med breakdancing.[4]
Remove ads
Medverkande
- Rod Stewart – vokal
- Jim Cregan – gitar, korvokal
- Mark Knopfler – gitar
- Jay Davis – bass
- Kevin Savigar – klaverinstrument, synthesizer
- Duane Hitchings – klaverinstrument, synthesizer
- Carmine Appice – trommer, korvokal
- Jimmy «Z» Zavala — saksofon
- Tony Brock — perkusjon ,korvokal
- Paulinho da Costa – perkusjon
- Linda Lewis - korvokal
The Penetcostal Community Choir – korvokal
Musikkvideo
Videoen var regissert av Russell Mulcahy og korekografert av Kenny Ortega. Han vart filma i sentrum av Los Angeles sommaren 1981. Eit par på flukt («Billy», spelt av Dale Pauley,[5] og «Patti», spelt av Elizabeth Daily) som er nemnt i songen vert vist i lag med ei gruppe dansarar.
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads