Youssou N’Dour

senegalesisk sanger, komponist og politiker (født 1959) From Wikipedia, the free encyclopedia

Youssou N’Dour
Remove ads

Youssou N’Dour (fødd 1. oktober 1959 i Dakar) er ein senegalesisk songar, songskrivar og komponist. Han er ein av dei mest kjende afrikanske musikarane.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Youssou N'Dour blandar tradisjonell senegalesisk mbalax med innflytnader som spenner frå kubansk samba til hip hop, jazz og soul, og har millionar av internasjonale fan. Blant dei vestlege musikarane han har samarbeidd med er Peter Gabriel, Sting, Neneh Cherry, Wyclef Jean, Paul Simon, Bruce Springsteen, Tracy Chapman og Branford Marsalis.

I Senegal er Youssou N'Dour eit viktig kulturelt ikon som er aktivt involvert i sosiale spørsmål. I 2012 engasjerte han seg i politikken og ønskte å stille til presidentvalet, men blei diskvalifisert. Han støtta då kandidaturet til Macky Sall, og etter at han blei vald, fekk N'Dour ein ministerpost i den nye regjeringa.[1] Han var turismeminister frå april 2012 til september 2013.

I oktober 2020 blei N'Dour vald inn som medlem av det svenske Kungliga Musikaliska Akademien.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads