Yvette Williams
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Yvette Winifred Williams (5. april 1929–13. april 2019) var ein newzealandsk friidrettsutøvar frå Dunedin som i 1952 vart olympisk meister i lengdehopp.

Under samveldeleikane 1950 i Auckland vann Williams lengdehopp med 5,91 m. Året etter sette ho personleg rekord med 6,13 m, einast to kvinnelege lengdehopparar kunne den gongen vise til betre resultat i øvinga.
Sommaren 1952 landa ho i den fjerde omgangen av lengdetevlinga under dei olympiske leikane i Helsinki på 6,24 m, og tok over leiinga frå sovjetiske Aleksandra Tsjudina som hadde nådd 6,14 m i andre omgang. Ingen av dei to, som stod i ein klasse for seg i tevlinga, makta forbetre seg og det vart gull til Williams og sølv til Tsjudin. I sommarleikane deltok Williams også i øvingabe kulestøyt og diskoskasting, der ho vart høvesvis nummer 6 og 10.
I februar 1954 sette Williams i Gisborne verdsrekord i lengdehopp med 6,29 m, ein rekord som stod i 18 månader. Ved samveldeleikane 1954 i august i Vancouver vann Williams tre av tevlingane, både i lengdehopp, kulestøyt og diskoskast stod ho att som den klare einaren.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Yvette Williams» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2018.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads