Zakho

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zakho
Remove ads

Zakho (kurdisk Zaxo, زاخۆ, arabisk زاخو; gammalsyrisk ܙܵܟ̣ܘ̇; Zākhō) er ein kurdisk by i Zakho-distriktet i Dohuk guvernement i Irakisk Kurdistan, nokre få kilometer frå grensa mellom Irak og Tyrkia. Byen har eit folketal på kring 350 000.

Kjappe fakta Land, Region ...

Han kan opphavleg ha oppstått på ei lita øy i elva Vesle Khabur, som flyt gjennom den moderne byen. Khabur flyt vest for Zakho og dannar grensa mellom Irak og Tyrkia, og munnar ut i Tigris. Andre viktige elvar i området er Zeriza og Seerkotik.[2]

I juli 2010 opna Universitetet i Zakho, eit av elleve offentlege universitet i Irakisk Kurdistan.

Remove ads

Historie

Byen Zakho var kjend for grekarane i oldtida. I 1844 skreiv den reisande William Francis Ainsworth: «Utsjånaden til Zakho i dag er merkverdig likt slik han er skildra av Xenofon.»

Gertrude Bell var overtydd om at Zakho var same staden som oldtidsbyen Hasaniyeh. Ho skreiv òg at den første kristne misjonæren til området, den dominikanske munken Poldo Soldini, vart gravlagd der i 1779. Grava hans var framleis ein pilegrimsstad i 1950-åra.[3][4]

Zakho hadde tidlegare ein syngagoge og eit større jødisk samfunn, og vart kalla «Jerusalem i Assyria». Jødane talte arameisk slik forfedrane deira hadde gjort. Breidda av den nærliggande Khabur er nemnd i Bibelen som ein av stadane der israelittane var i eksil (1. Krønikebok, 5:26,[5] 2. kongebok 17:6, 2.kongebok 18:11).

Det var alvorlege åtak mot jødane i 1891 og ein av syngogene vart brend ned. Problema vart forverra i 1892 då åtaka heldt fram. Jødar frå Zakho var blant dei første som flytta til Palestina etter 1920. Resten flytta i stor grad til Israel i 1950-åra.[6][7][8][9]

Assyrarar hadde budd i Zakho sidan minst 400-talet, og det er nemnt somme assyriske biskopar på 400- til 600-talet. Byen var òg bispesetet for eit stort khaldeisk-katolsk bispedøme fram til midten av 1800-talet.

Armenarar slo seg ned i Zakho etter det armenske folkemordet i 1915-1923, og den første armenske kyrkja i byen vart skipa i 1923.[10]

Remove ads

Klima

Zakho har eit heitt, sommarleg middelhavsklima (Csa) med særs heite og tørre somrar, og kjølige vintrar med mykje nedbør.

Meir informasjon Vêrdata for Zakho, Jan ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads