Zara SA
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zara SA er ei spansk klesbutikkjede som sel «fast fashion».[1] Verksemda blei stifta i 1975 av Amancio Ortega og Rosalía Mera, og har hovudkvarter i Arteixo i A Coruña i Galicia. I 2019 hadde kjeda rundt 10 000 butikkar.[2]
Zara er hovudmerket til Inditex-gruppa,[3] som er den største klesseljargruppa i verda. Gruppa eig også merke som Massimo Dutti, Pull&Bear, Bershka, Stradivarius, Oysho, Zara Home og Uterqüe.
Kjeda sel klede for menn, kvinner og barn (Zara Kids). Ho har ei kjapp produksjonskjede som sender ut klede til butikkane to gonger i veka. Etter at eit produkt er designa kan det nå utsalsstaden i løpet av 10-15 dagar.[4] I 2017 hadde Zara opptil 20 kleskolleksjonar kvar år.[5] Alle kleda blir sende gjennom prosesseringssenteret i Spania der dei blir inspiserte, sorterte merka og lasta i lastebilar. Som regel er kleda framme innnan 48 timar. Zara produseret over 450 million varer per år.[6]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads