Zelenci
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zelénci er ei kjelde til Sava Dolinka, ei sideelv til Sava. Ho ligg nær byen Kranjska Gora heilt nordvest i Slovenia.

Ved Zelenci kjem vatn frå undergrunnskjelda Nadiža opp gjennom den porøse botn av innsjøen. Kjelda og det omliggande området er kalla opp etter det grøne vatnet i kjelda, zelen som tyder «grøn» på slovensk.
Geologi
Den Øvre Savadalen er skapt av isbrear i Planica. Området har mykje innsjøsediment, så Zelenci er truleg restane etter den mykje større Korensjøen som vart skapt då isbreane trekte seg tilbake.
Zelenci vert rekna som den lengste av dei to kjeldeelvane til Sava, den lengste elva i Slovenia på 219 km.
Den porøse kalken i Zelenci gjer at vatn piplar opp frå under bakken via små stråler, eit fenomen som er unikt i Slovenia. På grunn av dette er vasstemperaturen 5-6 °C året rundt.
Remove ads
Naturreservat
Zelenci vart erklært eit naturreservat i 1992, både av geologisk interesse og for dei mange utryddingstruga dyre- og planteartane som finst her. Naturreservat er 47 hektar stort.[1]

Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads