Zemer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zemer (hebraisk skrift זמר; arabisk زيمر) er ein arabisk lokal kommune i Sentral-Israel i Israel. Han ligg i det arabiske triangelet mellom Baqa-Jatt og Bat Hefer. Zemer vart danna då fire landsbyar - Yama, Bir as-Sika, Ibtan og Marja - vart slått saman i 1988.
Remove ads
Historie
Yama og Ibtan stod oppført i osmanske skattelister i 1596 i høvesvis Qaqun nahiya og Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Yama hadde eit folketal på 18 muslimske hushaldningar og 5 ungkarar, medan Ibtan stod oppført som folketom, sjølv om det vart betalt skatt.[3]
I 1882 omtalte Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine berre Khurbet Ibthan, med «spor av ruinar og ein brunn».[4]
Før 1948 vart dei fire landsbyane styrt av den palestinske byen Deir al-Ghusun.[5]
Folketalet i Zemer var mot slutten av 2009 5 700,[2] over eit område på 8 203 mål.[6]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads