Zemlja Georga

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zemlja Georga
Remove ads

Zemlja Georga eller Prins George Land (russisk Земля Георга) er ei øy som er del av Frans Josefs land i Russland.

Kjappe fakta Land, Areal ...
Thumb
Plasseringa til Zemlja Georga i Frans Josefs land

Med eit totalt areal på 2821 km² er Zemlja Georga den største øya i Frans Josefs land. Ho er òg den lengste med ei lengd på 115 km frå nord til sør. Det høgaste punktet er 416 meter over havet.

Øya vart oppdaga av den britiske utforskaren Benjamin Leigh Smith i 1880.[1]Ho vart namngjeven av Frederick George Jackson etter prins George, den seinare George V av Storbritannia.[2]

Remove ads

Geografi

Zemlja Georga har ei forriven kystlinje med mange bukter, viker og nes. Det meste av øya ligg under store isbrear. Det er ei stor isfri halvøy i nord, Poluostrov Armitidzj. Det vestlegaste neset er på denne halvøya er Mys Multanovskogo, og bortanfor dette ligg sundet Proliv Arkhangelskij mellom Zemlja Georga og Aleksandra Land. Sundet Cambridge Channel (Proliv Kambrittsj) ligg lenger sørvest.

Zemlja Georga har tre nes som peikar sørvestover på sørkysten, Kapp Neale (det vestlegaste punktet på øya), Kapp Crowther og Kapp Grant. Det austlegaste neset vert kalla Mys Murray.

To nes peiker nordover, Mys Brjusa og Mys Battenberg, og mellom desse ligg Sommervillebukta.

Nightingale-kanalen (Proliv Nejtingejl) går aust for Zemlja Georga med Bruceøya på andre sida.

Remove ads

Nærliggande øyar

  • Davidøya (Остров Давида, Ostrov Davida), 80.15 N og 47.33 E, er ei lita øy sørvest for Zemlja Georga.
  • Arthurøya ligg nord for Zemlja Georga og mellom dei ligg sundet Proliv Li-Smita.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads