Zhouzhi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zhouzhimap
Remove ads

33.954722°N 108.157778°E / 33.954722; 108.157778

Kjappe fakta Land, Provins ...

Zhouzhi er eit fylke i provinsen Shaanxi i Folkerepublikken Kina. Det ligg i den subprovinsielle byen Xi'an.

Folketalet var på 615 966 i 1999.[1]

Remove ads

Historie

I småbyen Luguantai i Zhouzhi fylke er det blitt funnt historsk interessante stelar som er av betyding både for taoismen og for historia til kristendommen i Kina. To av stelene omtaler Laozi si legendariske ferd mot vest, ridande på ein okse. Ein av stelane, Xi'anstelen, nemner korleis den syro-orientalske kyrkja kom til Kina, med misjonæren Alopen i spissen, på 600-talet.

Kulturminne

Thumb
Pagoden ved Daqinklosteret
Thumb
Porten til Luguantempelet

Fawang-pagoden ved Xianyoutempelet (Xianyou si Fawang ta, 仙游寺法王塔), Bayunpagoden (Bayun ta, 八云塔) og pagoden ved Daqinklosteret (Daqin sita, 大秦寺塔) står på Folkerepublikken Kina si liste over kulturminne.

Samferdsle

Riksveg 108 i Kina går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan.

Riksveg 310 i Kina går gjennom området. Denne viktige trafikkåra byrja i Lianyungang i Jiangsu, går vestover og ender i Tianshui i provinsen Gansu. Han går innom større byer som Xuzhou, Shangqiu, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads