Sion
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Sion er eit omgrep innan jødedom, kristendom og andre religionar som opphavleg viste til eit befesta fjell i Jerusalem, Sionfjellet, men etterkvart kunne omgrepet visa til heile Jerusalem, Eretz Israel eller eit anna lova land. I dag kan Sion visa til ei konkret høgd like sør for det armenske kvarteret i Jerusalem eller til ulike religøse førestillingar om ein god, paradisisk stad.[1]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sion (fleirtyding).

Det hebraiske namnet for Sion er צִיּוֹן, Tziyyon, og namnet blir også skrive Tsion, Tzion og Zion.[1] Opphavet til ordet er uklar.[2][3][4] Om det kjem frå eit semittisk språk, kan det vera avleidd frå hebraisk ṣiyyôn ('borg') eller ṣiyya ('tørt land'). Ein ikkje-semittisk slektskap til det hurriske orde šeya ('elv' eller 'bekk') er også blitt føreslått.[4] Sidan staden er nemnd i Gamletestamentet som ein jebusittarstad erobra av David, kan ordet lett vera eldre enn israelittane.[2][3]
Sameulsboka nemner Sion som staden der borga til jebusittane låg og vart erobra av kong David. Ho danna grunnlaget for Davidsbyen eller Jerusalem. [5][6] Det er nemnt i Jesaja (60:14), Salmane, og den første boka av makkabearane (kring 100-talet fvt.).[6] Nemninga blei etterkvart også brukt om Tempelhøgda (Moriafjellet) og for heile Jerusalem. Under fangenskapet i Babylonia (586–538 f.Kr.) blei Sion eit symbol på heimlandet jødane lengta etter.[1] I moderne tid er omgrepet også blitt knytt til den politiske og nasjonalistiske retninga kalla sionisme.[1]
Remove ads
Kristen tyding

I kristendommen er Sion ofte nytta om ein himmelsk meir enn ein geografisk stad, som i Brevet til hebrearane 12, 22–24: «Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsfeiring».[7]
Namnet Sion har vore nytta til kyrkjer, bedehus, kapell og liknande.
Siste dagars heilage
I mormonarrørsla (Siste dagars heilage) er Sion eller Zion nytta med ulike tydingar. Det kan ha den opphavlege tydinga og visa til Jerusalem. Det var også namnet på byen partiarken Enok grunnla. Vidare kan det visa til ein stad der ei gruppe som er reine og rettvise bur saman i harmoni. Dette kan visa til byen Independence i Missouri og er også blitt nytta om Kirtland i Ohio, Jackson County i Missouri, Nauvoo i Illinois og om Salt Lake Valley.
Truvedkjenninga lagt fram av religionsstiftaren Joseph Smith seier at Sion (det nye Jerusalem) vil bli grunnlagd i Amerika.[8] Smith sa også at heile Amerika frå nord til sør er Sion.[9] Mormonarane blir oppfordra til å byggja Sion kvar enn dei er i verda.[10]
Remove ads
Rastafarianisme
I say fly away home to Zion, fly away home...One bright morning when my work is over, man will fly away home...
The Wailers Rastaman Chant |
Innan rastafarianisme er Zion ein utopisk stad der ein finn fred, fridom og sameining, til forskjell frå «Babylon», det utnyttande systemet i den materialistiske moderne verda der det finst mykje vondskap.[11] Trua reknar Zion, med referanse til Etiopia, som fødestaden til menneskja og det lova landet der alle burde venda tilbake.[12]
Rastafari-reggae inneheld mange referansar til Zion, som i Bob Marley-songane «Zion Train», «Iron Lion Zion», «Road to Zion» av Damian Marley med Nas, «Forward Unto Zion» av The Abyssinians og «Graduation In Zion» av Kiddus I.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads