Zittau
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zittau er ein by i Sachsen i Tyskland, nær landegrensa mot så vel Polen som Tsjekkia. Byen, som ligg 242 meter over havet ved elva Neisse, har 24 500 ibuarar og eit flatemål på 66,8 km².
Bomullsindustri, maskin-fabrikasjon og framstilling av kjemikaliar er viktige næringar i Zittau. Byen er elles eit jarnbane- og vegknutepunkt.
Fleire kyrkjer er frå 1300-talet. Heile gamlebyen med mange renessanse-, barokk- og rokokko-bygningar er freda kulturminne.
Kong Ottokar II av Böhmen gav staden byprivilegium i 1255.
Skirennarane Matthias Buse og René Sommerfeldt er frå Zittau.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Zittau» frå Wikipedia på tysk, den 31. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads