Zubarah

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zubarah
Remove ads

Zubarah (arabisk الزبارة, òg kalla Al Zubarah eller Az Zubarah) er ein landsby på nordvestkysten av Qatarhalvøya i Madinat ash Shamal kommune, kring 105 km frå hovudstaden Doha. Han vart grunnlagd av kjøpmenn frå Kuwait på midten av 1700-talet.[2] Staden vart innskriven på verdsarvlista i 2013.[2]

Denne artikkelen handlar om byen i Qatar. For busetnaden i Fujairah, sjå Zubarah i Fujairah.
Kjappe fakta Land, kommune ...

Zubarah var eit viktig senter for global handel og perlefiske sidan han låg halvvegs mellom Hormuzsundet og den vestlege armen av Persiabukta. Han er eit av dei største og best bevarte døma på ein busetnad frå 1700- og 1800-talet i regionen. Utforminga har blitt godt bevart i motsetnad til mange andre busetnader i Persiabukta, og gjev innsikt i korleis bylivet- og den sammfunnsmessige og økonomiske historia i Persiabukta var før det vart funne olje og gass på 1900-talet.[3]

Området dekkjer kring 400 mål (60 mål innafor den ytre bymuren) og er den viktigaste arkeologiske funnstaden i Qatar. Staden består av ein festningsby, med ein nyare indre, og ein eldre ytre mur, ei hamn, ein kanal, to skjermande murar, Qal'at Murair (Murair fort), og det nyare Zubarah fort.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads