Zulu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zulu
Remove ads

Zulu, òg kjend som isiZulu, er eit bantuspråk i niger-kongofamilien som vert tala av om lag ni millionar menneske kjende som zuluar. Fleirtalet av dei (over 95 %) bur i Sør-Afrika. Språket er det som blir forstått av flest folk i landet, over halvparten av innbyggjarane (Ethnologue 2005), og blei i 1994 eitt av elleve offisielle sørafrikanske språk. Ein snakkar òg zulu i Malawi, Mosambik og Eswatini.

Thumb
Prosentmessig del av folkesetnaden som snakkar zulu i ulike delar av Søra-Arika.
██ 0–20% ██ 20–40% ██ 40–60% ██ 60–80% ██ 80–100%
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Zulu (fleirtyding).
Kjappe fakta
Remove ads

Grammatikk

Zulu er eit tonespråk. Zulu er også kjend for å ha klikkelydar. Zulu har ein dental, ein alveolar og ein lateral klikk, dei blir skrive 'c, q, x.

Zulu er eit agglutinerande SVO-språk og høyrer til språkfamilien nguni. I M. Guthrie sitt klassifiserintgssystem høyrer zulu til sone S.

Språkhistorie

Den kjende historia til språket er knapp, men det finst vitnemål om språket frå 1500-talet. Zuluane kom til dagens Sør-Afrika rundt 1300-talet. Som xhosaene, som hadde innvandra under tidlegare bølgjer av bantuekspansjonen, tok zulu opp mange lyder frå språka til khoisan- og sanfolk. Dette har ført til at både zulu og xhosa har klikk-konsonantar lik desse språka.

Som alle andre sørafrikanske språk var zulu berre eit talespråk fram til europeiske misjonærar kom til området. Den første grammatikken over zulu blei utgjeven i Noreg i 1850 av den norske misjonæren Hans Schreuder.[2] Det første dokumentet skrive på zulu var ei bibelomsetjing frå 1883. I 1901 oppretta John Dube, ein zulu frå Natal, Ohlange Institute, den første innfødde utdanningsinstitusjonen i Sør-Afrika. Han var også forfattaren av Insila kaShaka, den første romanen skriven på zulu.

Utviklinga til skriftspråket vart styrd av Zulu Language Board i KwaZulu-Natal fram til dette blei erstatta av Pan South African Language Board, som tek for seg alle dei offisielle språka i Sør-Afrika.

Remove ads

Lydlære

Vokalar

Meir informasjon Fremre, Sentral ...
Meir informasjon IPA, Eksempel (IPA) ...

Konsonantar

Meir informasjon Labial, Dental/alveolar ...

Konsonantane markert med trema (to prikkar) er depressor-konsonantar som påverkar tonen til stavinga si.

Klikkelydar

Zulu har tre klikkelydar:

  • c: dental (som ein smattar på norsk når noko er gale/synd)
  • q: alveolar (som ei flaske som opnar med eit «pop»)
  • x: lateral (som ein smattar på hestar)
Meir informasjon Uttalt, Eksempel (IPA) ...
Remove ads

Språkdøme

Under følgjer ei liste enkle uttrykk som kan brukast om ein vitjar eit zuluspråkleg område.

SawubonaHei til éin person
SanibonaniHei til ei gruppe
Ngiyabonga (kakhulu)(Tusen) takk
Hamba kahle/Sala kahleHa det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') (Brukt ved avskjed. Personen som blir verande ein stad seier «hamba kahle» og personen som forlét han «sala kahle»)
Hambani kahle/Salani kahleHa det bra ('gå vel')/ha det bra ('ver vel') for ei gruppe folk
Eish!Wow! (utrop ved sjokk/overrasking, også brukt i sørafrikansk engelsk)
HhayiboNei!/Stopp!/Ikkje! (også brukt i sørafrikansk engelsk)
YeboJa
ChaNei
AngaziEg veit ikkje
Ukhuluma isiNgisi na?Snakkar du engelsk?
Ngisaqala ukufunda isiZuluEg har nett byrja lære zulu
Uqonde ukuthini?Kva meiner du?
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads