Zuma av Neil Young
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zuma er det sjuande studioalbumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut på Reprise Records i november 1975. Det vart spelt inn i lag med Crazy Horse og inneheld «Cortez the Killer», ein av dei mest kjende songane til Young. Då det kom ut nådde det 25. plassen på Billboard 200. I 1997 hadde albumet seld til gullplate i USA.[4]
Det er kalla opp etter Zuma Beach i Malibu.
Zuma var det første albumet som kom ut etter Ditch Trilogy («grøftetriologien»), som bestod av albuma Time Fades Away, Tonight's the Night og On the Beach. Det har i alt ein meir positiv atmosfære med ein kombinasjon av countryaktig rock og tunge hardrocksongar i liknande stil som det andre albumet til Young, Everybody Knows This Is Nowhere. Som på det sistnemnde albumet er Young akkompagnert av Crazy Horse der den avdøde Danny Whitten var erstatta av Frank Sampedro.
Remove ads
Bakgrunn
Gitarisen og bandkollegaen Danny Whitten døydde av ein overdose i 1972 og dette råka Young hardt og Crazy Horse var utan leiaren og låtskrivaren sin. Young drog ut på turné seint i 1973 med eit band kalla Santa Monica Flyers, som bestod av rytmeseksjonen i Crazy Horse med bassisten Billy Talbot og trommeslagaren Ralph Molina i lag med gitaristen Nils Lofgren, som spelte på debutalbumet til Crazy Horse, og multi-instrumentalisten Ben Keith. Denne gruppa spelte inn det meste av songane som kom til å bli Tonight's the Night. Etter ein stadionturné med Crosby, Stills & Nash og eit avbrote forsøk på eit nytt CSNY-album, skipa Young ei ny utgåve av Crazy Horse i 1975 med gitaristen Frank Sampedro i lag med Talbot og Molina. Denne besetninga spelte inn Zuma og besetninga har vore uendra sidan den gongen.
Remove ads
Innhald
Zuma var det første albumet etter den såkalla Ditch Triology, eller «Grøftetriologien», som bestod av Time Fades Away, On the Beach og Tonight's the Night. Young skreiv dei fleste songane på Zuma medan han budde i Sea Level Drive i Malibu i California, men «Through My Sails», som opphavleg heitte «Sailboat Song», kom frå øvingane med CSNY våren 1974 med heile kvartetten på vokal. «Pardon My Heart» vart spelt inn kring same tid og var opphavleg meint for eit Neil Young-album kalla Homegrown.
Teksten og melodien til «Don't Cry No Tears» er delvis henta frå «I Wonder», ein song Young skreiv på high school og som finst på Archives som kom ut i 2009. Young hevda på ein konsert i 1966 at han skreiv «Cortez the Killer» som skuleelev då han hadde leid av «Montezumas hemn», eit slanguttrykk for diaré.[5] Songen endar med å tone ut, fordi orignalen stoppa brått på grunn av eit straumbrot i studio, og eit siste vers som Yong hadde skrive vart ikkje spelt inn. Reaksjonen til Young var «eg har aldri likt det verset uansett», og har heller ikkje framført det på konsertane sine.[6]
«Danger Bird» består av to forskjellige songar Young aldri gav ut, knytt til slutten på forholdet med Carrie Snodgress kalla «L.A. Girls and Ocean Boys», særskild linja «'Cause you've been with another man / there you are and here I am.»[7] Lou Reed sa i eit intervju at han meinte Young hadde blit ein «stor gitarist» på denne tida og nemnde særskild «Danger Bird» som eit døme.[8]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Neil Young
Medverkande
- Neil Young – vokal, gitar
Crazy Horse
- Frank Sampedro – rytmegitar alle spor utanom «Pardon My Heart» og «Through My Sails»
- Billy Talbot – bass alle spor utanom «Pardon My Heart» og «Through My Sails»; korvokal alle spor utanom «Through My Sails»
- Ralph Molina – trommer alle spor utanom «Pardon My Heart» og «Through My Sails»; korvokal alle spor utanom «Through My Sails»
Andre medverkande
- Tim Drummond – bass på «Pardon My Heart»
- Stephen Stills – bass, korvokal på «Through My Sails»
- David Crosby, Graham Nash – korvokal på «Through My Sails»
- Russ Kunkel – conga på «Through My Sails»
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads