Zuñi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zuñi er eit urfolkspråk i USA som blir tala av zuñifolk frå vestlege New Mexico og austlege Arizona. Det har rundt 9 500 talarar, særleg rundt Zuni Pueblo i New Mexico. Til forskjell frå mange andre urfolkspråk i USA har zuñi mange unge talarar og er i utbreidd bruk som daglegspråk. Det er derfor mindre truga av språkdød.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Zuñifolk.

Zuñi er eit isolert språk, men høyrer til pueblo-språkbunten og har mange lånord frå keres, hopi og o'odham.
Zuñinamnet på språket er Shiwi'ma (shiwi 'zuñi' og '-’ma', 'zuñi-måten') og namnet på talarane er a:shiwi (’a:(w)- [fleirtal] + shiwi, 'zuñi').
Remove ads
Skrift
Zuñi blir skrive med latinsk skrift. Zuñialfabetet har 18 bokstavar:
A, B, D, CH, E, H, I, K, L, Ł, M, N, O, P, S, T, U, W, Y
Bokstaven Ł, ł uttrykker lyden /ɬ/ (IPA, uttalt som h og l saman). Ein bruker ’ ti la uttrykk /ʔ/ (glottal plosiv) i midten og slutten, men ikkje først i ord.
I tillegg til ch finst det også fleire bokstavkombinasjonar.
Bokstavane c, r, g, v, z, x, q, f j er ikkje brukt i zuñi, men kan brukast til å skriva lånord.
Zuñiortografien blei i stor grad utarbeidd av Curtis Cook. Det finst også eldre ortografiar laga av språkforskarar og antropologar.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads