Zvezda po imeni Solntse

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Zvezda po imeni Solntse (Звезда по имени Солнце eller 'Ei stjerne kalla sola') er eit album av det russiske rockebandet Kino frå 1989. Alle songane er skrive av frontfiguren Viktor Tsoj, som på denne tida var ekstremt populær i Sovjetunionen. Tekstane er stort sett personlege og handlar ofte om kampen for tilværet i lag med ein tankefull, trist, einsam og stundom skummel atmosfære. Plateomslaget kan likne på ei teikning av ei sol formørka av månen eller kulehol.

Meir informasjon Kino-kronologi ...

Musikalsk sett er plata mykje i same stil som det førre albumet, Gruppa Krovi frå året før. Opningssporet «Pesnja bez slov» sender tankane til The Cure, medan «Patsjka sigaret» ikkje ligg langt unna noko The The kunne ha laga på same tida.

Remove ads

Innhald

  1. «Песня без слов» (Pesnja bez slov 'Ein song utan ord')
  2. «Звезда по имени Солнце» (Zvesda po imeni Solntse 'Ei stjerne kalla sola')
  3. «Невеселая песня» (Neveselaja pesnja 'Trist song')
  4. «Сказка» (Skazka 'Ei soge')
  5. «Место для шага вперëд» (Mesto dlja sjaga vperjod 'Stad for eit steg framover')
  6. «Пачка сигарет» (Patsjka sigaret 'Sigarettpakke')
  7. «Стук» (Stuk 'Eit dunk')
  8. «Печаль» (Petsjal 'Sorg')
  9. «Апрель» (Aprel 'April')
Remove ads

Medverkande

  • Viktor Tsoj — Gitar og vokal
  • Igor Tikhomirov — Bassgitar
  • Georgij Gurjanov - Trommer og korist
  • Jurij Kasparjan — Gitar og korist
  • Andrej Sigle — Tangentinstrument
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads