Gruppa Krovi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Gruppa Krovi (Группа Крови eller Blodtype) er eit album av det russiske rockebandet Kino frå 1988. Dette var albumet som for alvor sette Kino og frontfiguren Viktor Tsoj på kartet i russisk rock- og musikkhistorie. Med fengande rockemusikk ala The Smiths og The Cure, og politiske tekstar retta mot den unge generasjonen i Sovjetunionen vart Kino ekstremt populære i heimlandet. Tsoj bad ungdommen ta kontroll og gjere endringar i landet. Nokre av songane diskuterte sosiale problem som lamma nasjonen. Den enorme populariteten vart kalla «Kinomania», og Kino vart det mest populære bandet Sovjetunionen og Russland har sett til no. Noko av årsaka var den jordnære haldinga til bandet. Tsoj hadde framleis den gamle jobben sin i fyrrommet i bygget der han budde, og bandet tente aldri pengar på verken dette eller andre plater fordi dei gav vekk platene gratis.

Meir informasjon Kino-kronologi ...

Dette var òg det første Kino-albumet som vart spelt inn i eit nasjonalt studio, og hadde betre lydkvalitet og produksjon enn dei føregåande albuma.

Remove ads

Innhald

  1. «Группа крови» (Gruppa Krovi Blodtype) – 4:45
  2. «Закрой за мной дверь, я ухожу» (Zakroj za mnoj dver, ja ukhozju Lukk døra, eg drar) – 4:15
  3. «Война» (Vojna Krig) – 4:04
  4. «Спокойная ночь» (Spokojnaja Notsj God natt) – 6:07
  5. «Мама, мы все сошли с ума» (Mama, my vse sosjli s uma Mor, me har alle blitt gale) – 4:06
  6. «Бошетунмай» (Bosjetunmaj) – 4:09
  7. «В наших глазах» (V nasjikh glasakh I augene våre) – 3:34
  8. «Попробуй спеть вместе со мной» (Poprobuj spet vmeste so mnoj Prøv og syng i lag med meg) – 4:35
  9. «Прохожий» (Prokhozjij Forbipasserande) – 3:39
  10. «Дальше действовать будем мы» (Dalsje dejstvovat budem my No er det vår jobb) – 3:55
  11. «Легенда» (Legenda - Legende) – 4:10
Remove ads

Medverkande

  • Viktor Tsoj — Gitar og vokal
  • Igor Tikhomirov — Bassgitar
  • Georgij Gurjanov - Trommer og korist
  • Jurij Kasparjan — Gitar og korist
  • Andrej Sigle — Tangentinstrument
  • I. Veritsev — Støy
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads