Ærfugl
art av andefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ærfuglen (Somateria mollissima) er ei stor marin dukkand som held til ved kysten i dei nordlege polarområda. Hannfuglane har eit lett kjennbart mønster av svarte og kvite felt medan hoene er brunspetta. Fuglen har vore kjelde til egg og dyrebare dun sidan førhistorisk tid, og blir framleis halden halvvegs som husdyr i det nordlege Noreg og på Island. Fuglearten er mest kjend under lokale namn i mange område av landet. Hofugl blir kalla «é» eller «é-kjerring» og hannfugl «é-kall» eller «é-stegg».
Ærfugl | |
Ærfuglhann | |
Ærfuglhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga til ærfuglen. Områda i grønt er hekkeplassar og områda i blått er vinter- og fôreplassar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Ærfuglar Somateria |
Art: | Ærfugl S. mollissima |
Vitskapleg namn | |
Somateria mollissima |