Irakisk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Irakisk geografi er variert og fell inn i fire hovudregionar: ørkenen (vest for Eufrat), Øvre Mesopotamia (mellom øvre Tigris og Eufrat), dei nordlege høglanda i Irakisk Kurdistan og Nedre Mesopotamia, elvesletta som strekkjer eg frå kring Tikrit til Persiabukta.
Irakisk geografi | ||
Topografisk kart over Irak | ||
Kart over Irak | ||
Plassering | ||
---|---|---|
Land | Irak | |
Koordinatar | 33°N 44°E | |
Totale landegrenser | 3 809 km | |
Grenseland | Iran 1 599 km, Saudi-Arabia 811 km, Syria 599 km, Tyrkia 367 km, Kuwait 254 km, Jordan 179 km | |
Geografi | ||
Areal - totalt: - land: - vatn: |
438 317 km² 437 367 km² 950 km² | |
Kystlinje | 58 km | |
Høgder - høgaste punkt: - lågaste punkt: |
Cheekdah Dar 3 611 moh Persiabukta 0 moh
| |
Arealbruk | ||
Dyrkbar mark | 7,89 % | |
Permanente avlingar | 0,53 %
| |
Anna | 91,58 % (2012) | |
Irrigert land | 35 250 km² (2003) | |
Naturressursar | ||
Petroleum, naturgass, fosfat, svovel | ||
Naturfarar | ||
Sandstormar, flaum | ||
Miljøproblem | ||
statlege vasskontrollprosjekt har drenert det meste av dei busette myrområda aust for An Kshatriya og den ein gong store sjiamuslimske folkesetnaden som budde her har måtte flytte. Øydelegging av naturlege habitat utgjer ein trugsel for dyrelivet i det same området. Mangel på drikkevatn. Luft- og vassforureining. Forsalting av jordsmonnet og erosjon. Ørkenspreiing. |
Fjella i nordaust er eit forlenging av fjellområda som går austover frå Balkan gjennom sørlege Tyrkia, nordlege Irak og vidare inn i Iran og Afghanistan, og endar i Himalaya. Ørkenen ligg i dei sørvestlege og sentrale provinsane langs grensene til Saudi-Arabia og Jordan og høyrer geografisk til Den arabiske halvøya.
Irak har ein viktig plass i geografihistoria: ei leirtavle som generelt vert rekna som «det tidlegast kjende kartet» vart graven fram i 1930 under utgravinga av Ga-Sur i Nuzi Yorghan Tepe, nær byane Harran og Kirkuk, 300 km nord for Babylon. Tavla, som måler 17,3 x 19,3 mm, vert vanlegvis datert til dynastiet til Sargon av Akkad mellom 2500-2300 fvt. Arkeologen Leo Bagrow meiner tavla kan vere enno eldre,[1] og har datert ho til Agade-perioden (3800 fvt.).