Oslo kommune
norsk kommune / From Wikipedia, the free encyclopedia
Oslo kommune er ein kommune som ligg i indre Oslofjorden. Administrasjonssenteret er Oslo, hovudstaden i Noreg.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Oslo kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Oslo | ||
Del av | Austlandet | ||
Adm.senter | Oslo | ||
Areal | 454 km² | ||
- land | 427 km² | ||
- vatn | 27 km² | ||
Folketal | 717 710 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Anne Lindboe (H) | ||
- Byrådsleiar | Eirik Lae Solberg (H) | ||
Kommunenr. | 0301 | ||
Oslo kommune 59.91183°N 10.73367°E / 59.91183; 10.73367 | |||
| |||
Nettstad: www.oslo.kommune.no | |||
Close
Kommunen Oslo har både kommunale og fylkeskommunale funksjonar, og omfattar fjordstrekninga mellom munningen av Lysakerelva i vest og munningen av Gjersjøelva i søraust og strekker seg nordover inn i Nordmarka. Kommunen grensar til fylket Viken.
Kommunane han grensar til er Nittedal, Lillestrøm, Lørenskog og Enebakk i aust, Bærum og Ringerike i vest, Nordre Follo i sør og Lunner i nord.