Utcubamba
From Wikipedia, the free encyclopedia
Utcubamba er ei elv med nedslagsfelt i sørlege Amazonas-regionen i Peru. Øvre delar av bassenget er kjerneområdet for chachapoya-kulturen. Ho oppstår ca. 4000 moh. noko sør for den litle byen Leymebamba som ligg ca. 90 kilometer sør for regionhovudstaden Chachapoyas.
Utcubamba | |||
elv | |||
Land | Peru | ||
---|---|---|---|
Utcubamba 5.527375°S 78.550977°W / -5.527375; -78.550977 | |||
Wikimedia Commons: Utcubamba River | |||
Sørlege Utcubamba-dalen er høgtliggande og ein del av Andes. Elva er danna av ei rekkje småelvar, og renn først mot nord, deretter mot nordvest til ho tømmer seg i Marañón nær byen Bagua.[1] Dette er òg staden som Chinchipe renn ut i Marañón frå motsett side. Utcubamba er ikkje egna for båtar, men ho gjev energi for fleire vasskraftverk i dalføret. Utcubambadalen er nytta til jordbruk og det tropiske klimaet saman med irrigasjonsdrift med vatn frå elva gjev høve til dyrking av produkt som maniok, mais, sukkerrøyr og banan.
Namnet «Utcubamba» kjem frå quechua, av utkhu, ‘bomull’ og pampa, ‘mark’,[2] dvs. ‘bomullsmarka’.