From Wikipedia, the free encyclopedia
β-laktam-antibiotikum er antibiotikum med ein β-laktam-ring. β-laktam-ringen er smelta saman med ein annan ring med anten fem (penam og penem) eller seks (kefam eller kefem) atom. Utviklinga av β-laktam-antibiotikum byrja med oppdaginga av penicillin i 1929.[1]
Målt i omsetning var antibiotikum med β-laktam i 2003 den viktigaste klassen av antibiotikum, og kefalosporin og penicillin var vidare dei viktigaste β-laktam-antibiotikuma.[2]
β-laktam-antibiotikuma karbapenem er verksame mot mange viktige bakteriar som valdar sjukdom, både gram-positive og gram-negative.[3]
β-laktam-antibiotikum produserte av organismar i naturen er i hovudsak spesifikke for bakterieprotein og ikkje giftige for menneske og pattedyr, men nokre meir breispektra utgåver utvikla i laboratorium kan verka som nyregifter. Dette gjeld ymse kefalosporin og penem.[4] β-laktam-antibiotikum nytta klinisk har òg vore rapporterte å kunna verka som nervegift for visse pasientar.[5]
I naturen kan både bakteriar og muggsoppar laga β-laktam-antibiotikum. Truleg vart gena for syntese av β-laktam-antibiotikum overført horisontalt frå bakteriar til den sams eukaryote opphavsarten til ei rad artar i soppriket, for kring 370 millionar år sidan. Nokre soppar ser ut til å ha mist evna til å laga β-laktam-antibiotikum etter kvart, medan andre, som gjærsoppane, kan ha skilt seg frå som eigne grupper før genoverføringa hende. Nokre penselmuggsoppar og strålemuggsoppar er mellom muggsoppane som kan laga β-laktam-antibiotikum.[6]
Mellom bakteriane produserer artar i Streptomyces (som Streptomyces lipmanii og Streptomyces clavuligerus) β-laktam-antibiotikum.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.