Penselmuggsoppar

soppslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Penselmuggsoppar
Remove ads

Penselmuggsoppar (Penicillium) er ei slekt av soppar. Dei finst mange ulike stader på jorda og er mellom anna funne i prøver frå alpine område, tundra og Antarktis. Dei har òg vorte skildra frå is under isbre, og er ei av dei meir vanlege isolerte slektene frå tang.[1]

Kjappe fakta

Fleire artar i slekta vert nytta industrielt til fermentering; mellom anna ved produksjon av ost, der til dømes artane roquefortmugg (Penicillium roqueforti) og camembertmugg (Penicillium camemberti) vert nytta. Vidare vert arten Penicillium purpurogenum nytta til framstilling av glukonsyre og arten penicillinmugg (Penicillium chrysogenum) til framstilling av penicillin.[2] Ymse penselmuggsoppartar produserer antimykotikumet griseofulvin.[3]

I 2014 vart det rekna 354 artar til penselmuggsoppane.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads