1555 (romartal MDLV) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den julianske kalenderen .
Steinkross i Bad Hindelang i Bayern med innskrifta 1555.
Kjappe fakta Kategoriar ...
Lukk
Brenninga av John Rogers . Illustrasjon frå Book of Martyrs av John Foxe .
Utlandet
Januar: Avariket i dagens Burma fall.
4. februar: John Rogers blei brend på bålet i London som den første protestantiske martyren under Maria I av England . Seinare følgde avrettingar av fleire biskopar og prestar.
10. april: Pave Marcellus II blei pave etter Julius III .
23. mai: Pave Paul IV blei pave etter Marcellus II.
1. juni: Freden i Amasya mellom Det osmanske riket og det persiske Safavideriket enda Den osmansk-safavidiske krigen (1532–1555) .
25. september: Religionsfreden i Augsburg blei inngått mellom Karl V av Det tysk-romerske riket og fyrstane i Det schmalkaldiske forbundet .
16. oktober: «Oxford-martyrane» Hugh Latimer , Nicholas Ridley og Thomas Cranmer , engelske biskopar vart avretta
Russland gjorde slutt på ei 60 år lang våpenkvile med Sverige då det gjekk til åtak på Finland .
Tsjeboksary blei grunnlagd som russisk by.
Olaus Magnus gav ut Historia de gentibus septentrionalibus («Historie om dei nordiske folka») i Roma.
Noreg
To bønder frå Sandar i Vestfold vart avretta ved brenning på bålet for å ha starta ei katolsk vekking.
Sjå òg Fødde i 1555 .
21. april: Ludovico Carracci , italiensk målar
27. desember: Johann Arndt , tysk teolog
Pave Marcellus II sat berre på pavestolen i nokre veker.
Sjå òg Døde i 1555 .
14. januar: Jacques Dubois , fransk anatom
4. februar: John Rogers , engelsk prest (avretta)
8. februar: Laurence Saunders , engelsk prest (avretta)
9. februar: John Hooper og Rowland Taylor , engelske geistlege (avretta)
23. mars: Pave Julius III
11. april: Juana I av Castila , «den galne»
1. mai: Pave Marcellus II
25. mai: Gemma Frisius , nederlandsk lege, matematikar, astronom og geodet
Kong Henrik II av Navarra
26. oktober: Olympia Fulvia Morata , italiensk lærd
21. november: Georgius Agricola , tysk humanist, mineralog og metallurg