1593
år From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
1593 (romartal MDXCIII) var eit normalår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja ein måndag i den julianske kalenderen.
Remove ads
Hendingar
Utlandet
- 25. januar: Kong Naresuan av Ayutthaya drap den burmesiske kronprinsen Mingyi Swa i ein tvikam på elefantar. Dagen er seinare blitt minna i Thailand som den nasjonale militærdagen.[1]
- 8. februar: Omleiringa av Pyongyang. Ein japansk invasjonsstyrke blei nedkjempa i Pyongyang av styrkar frå Korea og det kinesiske Ming-riket.[2]
- 12. februar: Slaget ved Haengju. Korea sigra over Japan.[3]
- 30. september: Kong Sigismund III av Polen kom med familien sin til Stockholm for å gjera krav på arveriket sitt, Sverige.
Remove ads
Fødde
- 14. mars: Georges de La Tour, fransk kunstnar
- 19. mai: Jacob Jordaens, flamsk målar
- 8. juli: Artemisia Gentileschi, italiensk kunstnar
- 22. september: Matthäus Merian d.e., sveitsisk-tysk koparstikkmakar og forleggar
Døde
- Sjå òg Døde i 1593.
- 30. mai: Christopher Marlowe, engelsk forfattar (drepen)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads