song av Bobby Scott From Wikipedia, the free encyclopedia
«A Taste of Honey» er ein popsong skriven av Bobby Scott og Ric Marlow. Han var opphavleg eit instrumentalt spor (eller tilbakevendande tema) skrive for broadwayutgåva av det britiske skodespelet A Taste of Honey i 1960 (som det òg vart laga film av med same namn i 1961). Både originalen og ei seinare innspeling av Herb Alpert i 1965 gav songen fire Grammy-prisar. Ein versjon med vokal vart først spelt inn av Billy Dee Williams (og gjeven ut i 1961 på Prestige), og spelt inn av The Beatles for debutalbumet deira Please Please Me i 1963. Barbra Streisand framførte songen som ein del av cabaretshowet sitt i 1962, og spelte inn songen for debutalbumet The Barbra Streisand Album. Albumet vann Grammyprisen for årets album i 1963.
A Taste of Honey av Herb Alpert's Tijuana Brass frå albumet Whipped Cream and Other Delights | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1965 | |
Innspelt | 1965 | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:43 | |
Selskap | A&M | |
Komponist | Bobby Scott | |
Tekstforfattar | Ric Marlow | |
Låtskrivar(ar) | Bobby Scott, Ric Marlow | |
---|---|---|
Produsent | Herb Alpert, Jerry Moss | |
Herb Alpert's Tijuana Brass-kronologi | ||
«Mae» (1965) |
A Taste of Honey | «3rd Man Theme» (1965)
|
Den originale versjonen av «A Taste of Honey», «A Taste of Honey (refrain)» og «A Taste of Honey (closing theme)» kom ut på albumet til Bobby Scott i 1960, som òg heitte A Taste of Honey. Denne komposisjonen vann Grammy-prisen for beste instrumentale tema i 1963.
A Taste of Honey Song av The Beatles frå albumet Please Please Me | ||
Utgjeve | 22. mars 1963 | |
Innspelt | 11. februar 1963 | |
Lengd | 2:01 | |
Selskap | Parlophone | |
Komponist | Bobby Scott | |
Tekstforfattar | Ric Marlow | |
Låtskrivar(ar) | Bobby Scott/Ric Marlow | |
---|---|---|
Produsent | George Martin | |
The Beatles framførte Lenny Welch si utgåve av songen, med ein litt endra tekst i refrenget, som ein del av repertoaret sitt i 1962.[2] Då den instrumentale versjonen til Acker Bilk vart populær i Storbritannia på den tida, vart songen vald ut til debutalbumet deira i 1963, Please Please Me. Ein versjon frå denne tida kom ut i 1977 på albumet Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962.
I USA kom songen først ut på VeeJay Records-albumet Introducing... The Beatles. Dei spelte òg «A Taste of Honey» sju gonger for BBC radio, inkludert programma Here We Go, Side by Side og Easy Beat.[3] I 1967 vart McCartney inspirert til å skrive «Your Mother Should Know» basert på ei linje frå filmen A Taste of Honey.[2]
Lydteknikar var Norman Smith[4]
Lenny Welch spelte inn ein tidleg versjon med vokal. Denne kom ut på singel i september 1962 og seinare på albumet Since I Fell for You. Denne versjonen tilskriv òg Lee Morris som låtskrivar, men et er uvisst om han skreiv teksten. Denne krediteringa finst ikkje på andre versjonar av songen, der berre Marlow/Scott er oppført. Johnny Rivers spelte inn songen på albumet sitt Changes.
Tony Bennett nådde 94. plassen i USA med ein vokal verjson av songen for albumet The Many Moods of Tony i 1964.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.