From Wikipedia, the free encyclopedia
Al-Bireh, al-Birah eller el-Bira (arabisk البيرة) er ein palestinsk by like ved Ramallah, sentralt på Vestbreidda, 15 km nord for Jerusalem.[2] Han ligg på ein sentral rygg som går gjennom Vestbreidda, 860 meter over havet.
al-Bireh | |||
البيرة, al-Bira | |||
kommune | |||
|
|||
Namneopphav: Palassbrunnen[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 31°54′18.51″N 35°12′53.85″E | ||
Areal | 22,4 km² | ||
Folketal | 38 202 (2006) | ||
Borgarmeister | Umar Hammayil | ||
Al-Bireh 31.905141666667°N 35.214958333333°E | |||
Kart som viser Al-Bireh.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Bireh | |||
På grunn av plasseringa ligg al-Bireh i den økonomiske overgangen mellom nord og sør, og langs karavaneruta mellom Jerusalem og Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på kring 39 202 i 2007.[3]
Edward Robinson identifiserte Al-Bireh tidleg på 1800-talet som den bibelske Be'eroth,[4].
Krossfararane erobra og kalla byen Birra. Han vart òg kalla Castrum Mahomeria, Magna Mahomeria eller Mahomeria Major.[5] Han var ein av 21 landsbyar gjeven av kong Godfrey som eit len til Den heilage grav-kyrkja.[6] I 1114 vart gåva stadfesta av Baldwin I av Jerusalem.[7]
I 1156 sverga 92 menneske frå Mahomeria truskap til Den heilage grav-kyrkja, og seinare 50 namn til dei neste tre tiåra. Det er derfor estimert at den totale frankiske folkesetnaden på denne tida var 500-700.[5][8]
Krossfararane bygde ei borg,[9] kyrkje og herberge der.[5][10][11] Dei to sistnemnde bygningane vart bygde av tempelriddarar i 1146 og høyrte til Den heilage grav-kyrkja. Ajjubidane under Saladin dreiv bort krossfararane frå Birra, då dei erobra dei indre områda av Palestina etter slaget ved Hittin i 1187, og øydela byen fullstendig. Yaqut al-Hamawi nemner å ha sett ruinane nokre få gonger under reisene sine i området.[12] Nær slutten av styret til ajjubidane, i 1280, var den moderne byen al-Bireh ein busett landsby. Ajjubidane bygde ein moské i byen tileigna Umar ibn al-Khattab like ved ruinane av kyrkja.[13]
Al-Bireh vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene frå 1596 vart landsbyen kalla Bira al-Kubra i Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Han hadde eit folketal på 45 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, frukttre, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter.[14]
Etter arabaropprøret i Palestina i 1834, kalla dei osmanske styresmaktene mange menn frå Al-Bireh inn som soldatar. I 1838, då Robinson vitja staden, hadde 60 vorte tekne bort som soldatar av ein folkesetnad på 700.[4]
Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, hadde han 800 innbyggjarar.[15] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Bireh som ein ganske stor landsby, med «ganske velhaldne» hus.[16]
Fram til 1917 var byen eit politisk og administrativ senter i Det osmanske riket.{{treng kjelde
I folketeljinga i 1922 hadde Al-Bireh eit folketal på 1 479; 1 407 muslimar, og 72 kristne,[17] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 2 292, 2044 muslimar og 248 kristne, i 541 hus.[18]
I 1945 var folketalet i byen 2 920, der byområdet var på 967 mål og landsbygda 22 045 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[19] Av dette var 5 162 mål var plantasjar og irrigert land, 11 226 nytta for korn,[20] medan 759 mål var utbygd (urbant) land.[21]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Al-Bireh under Jordan sitt styre. Den 6. juni 1967 tok israelske soldatar kontrollen over byen frå jordanarane i seksdagarskrigen. I 1994 vart det sivile styret av byen overført til Den palestinske sjølvstyresmakta som følgje av Osloavtalen. Al-Bireh er det nest største senteret for palestinsk administrasjon etter Gaza. Utanom hovudkvarteret til guvernøren, ligg fleire statlege, ikkje-statlege og private organisasjonar her.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.