Angelsaksisk litteratur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Angelsaksisk litteratur, også kalla gammalengelsk litteratur, omfattar litteraturen som blei skriven på angelsaksisk (gammalengelsk) i løpet av den 600 år lange angelsaksiske perioden i England, frå midten av 400-talet og fram til den normanniske erobringa av England i 1066. Tekstane dekker sjangrar som episke og kortare dikt, hagiografiar (helgenbiografiar), preiker (forkynningar), bibelomsettingar, lovverk, krøniker, gåter og anna. I alt er det blitt bevart rundt 400 manuskript frå denne perioden, ein betydeleg korpus (mengd) som har interesse både for allmennheita og vitskapeleg forsking.
Eit av dei viktigaste verka frå den angelsaksiske perioden er diktet Beowulf som har fått ein status i England som eit nasjonalepos. Den angelsaksiske krønika er betydingsfull som ein historisk dokumentasjon av perioden ved å vera kronologi av tidleg engelsk historie, mens det korte religiøse diktet Cædmons hymne frå 600-talet er det eldste bevarte litterære verket på engelsk. Av angelsaksisk poesi, som kan bli betrakta som mest betydingsfull innanfor angelsaksisk litteratur, er det ikkje bevart meir enn til saman 30 000 diktlinjer.
Angelsaksisk litteratur har gått gjennom ulike forskingsperiodar. På 1800-talet og tidleg på 1900-talet var fokuset plassert på dei germanske røtene til England, seinare blei dei litterære kvalitetane framheva, og i dagens forsking er hovudvekta plassert på paleografi, den filologiske forskinga innanfor utviklinga til skrifta og bruken i eldre tid samt lesing og tolking av handskrifter, og dei fysiske manuskripta i seg sjølve. Forskarane diskuterer ulike emne som datering, opphavsstad, forfattarskap, og samanhengen mellom angelsaksisk litteratur og det øvrige Europa i mellomalderen.