Apple Inc.
From Wikipedia, the free encyclopedia
Apple Inc. er eit amerikansk fleirnasjonalt selskap basert i Cupertino, California. Selskapet er ein produsent av forbrukarelektronikk, programvare og personlege datamaskiner. Det vart grunnlagt i 1976 av Steve Jobs og Steve Wozniak. Apple er særleg kjent for Mac-linja av datamaskiner, iPod (musikkspelar), iPhone (smarttelefon) og iPad (nettbrett), og har utvikla operativsystema OS X (for Mac) og iOS (for iPhone/iPod Touch/iPad/Apple TV). Selskapet er også utviklar av programvare som iTunes (multimedia), Aperture (bilderedigering) og Final Cut Studio (film- og lydproduksjon).
- «Apple» omdirigerer hit. For plateselskapet, sjå Apple Records.
Apple Inc. | |||
| |||
| |||
Org.form | Allmenaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Bransje | Datamaskinar Programvare Elektroniske varer | ||
Skipa | 1. april 1976 | ||
Eigar | BlackRock | ||
Hovudkontor | Apple Park, 1 Apple Park Way, Cupertino, California, USA | ||
Land | USA | ||
Produkt | |||
Tenester |
| ||
Grunnleggjar(ar) | Steve Wozniak, Ronald Wayne,[1][2] Steve Jobs[2] | ||
Styreleiar | Arthur D. Levinson (2011) | ||
Adm.dir. | Tim Cook (24. august 2011)[3] | ||
Tilsette | 17 787 på heiltid 2 399 mellombels | ||
Salsinntekter | 114 301 000 000 USA-dollar (2023)[4] | ||
Omsetnad | 114 301 000 000 USA-dollar (2023)[4] | ||
Resultat | 96 995 000 000 USA-dollar (2023)[4] | ||
Marknadsverdi | 2 470 000 000 000 USA-dollar (24. august 2021)[5] | ||
Nettstad | www.apple.no |
Apple er eit av dei største børsnoterte selskapa i verda. Selskapet hadde ei omsetjing på 108 milliardar amerikanske dollar og over 60 000 tilsette i 2011. Apple har ei butikkjede med 364 butikkar i 13 land (i tillegg til nettbutikk). Tim Cook vart utnemnd til CEO (administrerande direktør) i 2011. Selskapet er utnemnt av Fortune Magazine som det mest vørda selskapet i verda 2008-12. Selskapet har teke imot kritikk for den forretningsmessige praksisen sin, deriblant for arbeidskåra til arbeidarane ved Foxconn-fabrikkane i Taiwan, der mange av produkta frå Apple blir produserte.[6]