Arica
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arica (spansk: [aˈɾika]) er ein kommune og ein hamneby med ei folkesetnad på 222 619 i Arica-provinsen i Arica og Parinacota-regionen i Nord-Chile. Dette er den nordlegaste byen i Chile, og ligg berre 18 km sør for grensa til Peru. Byen er hovudstaden i både Arica-provinsen og Arica og Parinacota-regionen. Arica ligg i bukta kjent som Arica bøyg eller Arica alboge av Sør-Amerika sin stillehavskyst. To dalar som skjer ned gjennom landskapet frå Atacama-ørkenen møtast i Arica. Dalane har namna Azapa og Lluta. Desse dalane gir sitrus og oliven for eksport.[2]
Arica | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Region |
Chile Arica og Parinacota-regionen | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 4 799 km² | ||||
Innbyggjarar | 222 619 (2017) | ||||
Innbyggjarar - By (2017) |
202 131[1] | ||||
Høgd over havet | 2 m | ||||
Tidssone | UTC-04:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: https://www.muniarica.cl/ | |||||
Nettstad: www.municipalidaddearica.cl |
Arica er ei viktig hamn for ein stor innlandsregion i Sør-Amerika. Byen tener som ei frihamn for Bolivia og administrerer ein stor del av handelen i landet. I tillegg er den endestasjonen for den bolivianske oljerøyrleidningen som byrjar i Oruro i Bolivia.[2] Den strategiske posisjonen for byen blir forsterka ved å ligge ved den panamerikanske hovudvegen, å ha jernbanesamband med både Tacna i Peru og La Paz i Bolivia, og har dessutan ein internasjonal flyplass.
Det milde vêret har gjort Arica kjent som «(byen i den evige våren)» i Chile, medan strendene er vitja av folk frå Bolivia.[2] Byen var ei viktig hamn allereie under det spanske kolonistyret. Chile tok byen frå Peru i 1880 under Stillehavskrigen, og Peru anerkjente han som chilensk i 1929. Ein stor del av afrikanske chilenarar bur i eller sporar opphavet sitt til Arica.