Bitola
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bitola (makedonsk Битола) er ein by og ein kommune i regionen Pelagonia i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2004, då dei tidlegare kommunane Bistritsa, Kukuretsjani og Tsapari vart innlemma i kommunen.
Bitola Битола | |||
---|---|---|---|
Gate i Bitola | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Pelagonia | ||
Borgarmeister | Vladimir Taleski | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 422,39 km² | ||
Flatevidd - By |
787,95 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
85 164 108,1/km² | ||
Koordinatar | 41°01′55″N 21°20′05″E | ||
Høgd over havet | +576 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 7000 | ||
Telefon-retningsnummer | 389 047 | ||
Heimeside: bitola.gov.mk | |||
Plassering | |||
Plasseringa til Bitola i Nord-Makedonia |
Med 85 164 innbyggjarar var kommunen den tredje største etter Skopje og Kumanovo ved folketeljinga i 2021.[1] Sjølve byen Bitola var med sine 69 287 innbyggjarar den tredje største byen i Nord-Makedonia etter Skopje og Kumanovo i 2021.[1]
Bitola ligg sør i Pelagoniadalen, sørvest i landet, og er eit senter for administrasjon, kultur, industri, handel og utdanning. Rundt byen ligg fjella Baba og Nidže. Grensa til Hellas ligg berre 14 km lenger sør. Bitola er eit viktig trafikknutepunkt mellom hovudvegen frå det sørlege Adriahavet til Egearhavet og Sentral-Europa.
I perioden under Det osmanske riket vart byen kalla «Byen av konsulane» sidan mange europeiske land hadde konsulat i Bitola.
Av innbyggjarar er dei fleste etniske makedonarar (88,7 %). Kommunen har òg mindre folkegrupper av albanarar (4,4 %), roma (2,7 %), tyrkarar (1,7 %) og vlacharar (1,3 %).
Byen er heimstad for St. Klement av Ohrid-universitetet i Bitola, Makedonia sitt nest største universitet.