Bleik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bleik er ein tettstad og fiskevær i Andøy kommune i Nordland fylke. Staden ligg på nordvestsida av Andøya, om lag ti kilometer frå Andenes. Tettstaden har 456 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Bleik | |||
tettstad | |||
Bleik og Bleiksøya sett frå fjellet Røyken | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Andøy | ||
Areal | 0,38 km² | ||
Folketal | 456 (2023) | ||
Folketettleik | 1 200 / km² | ||
Postnummer | 8481 BLEIK | ||
Preposisjon | på Bleik | ||
Bleik 69.27262°N 15.95544°E / 69.27262; 15.95544 | |||
Wikimedia Commons: Bleik | |||
Namnet kjem truleg frå gammalnorsk bleikr - ljos, etter den ljose sandstranda, eller av blikk - den blikkstille som kan vere inne ved Bleik sjølv om nordausten står på ute i havet.
Bleik har ein særprega klyngebusetnad og næringsgrunnlaget er hovudsakleg fisketilverking og fiskeindustri, mekanisk verkstad. I 1925 vart store delar av husa øydelagt i ein storstorm. Ein gammal gardshaug kan sporast tilbake til 600 e. Kr og har ei djubde på 6 m.
Det kjente fuglefjellet Bleiksøya ligg rett utanfor Bleik, innanfor ligg Bleiksmorena naturreservat.
Bleik var den første staden i Vesterålen som tok i bruk eit vasskraftverk til straumproduksjon. Bleikselva vart demt opp, og kraftverket vart sett i drift 9. oktober 1904. Det leverte frå starten av 25 kW, nok til ljos til ca. 50 husstandar.[1]