From Wikipedia, the free encyclopedia
Brunjernstein eller limonitt er ei naturleg blanding av vasshaldige jernoksid, ofte i amorf eller kryptokrystallinsk form, og dannar gjerne jordaktige eller tette massar med brun farge. Det er eit vanleg sekundærprodukt som oppstår ved forvitring og oksidasjon av jernhaldige mineral, eller det kan dannast ved uorganisk eller biogen utfelling i myrar og innsjøar, til dømes som myrmalm, eller i marine avsetningar. Den viktigaste bestanddelen er mineralet goethitt, FeOOH, men ofte inngår òg hematitt og lepidokrokitt (ei polymorf form av FeOOH), og dessutan ulike forureiningar og adsorbert vatn. Som bestanddel av såkalla minettemalm er det ein viktig jernmalm.
Brunjernstein | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Amorf, mineraloid | ||
Kjemisk formel | FeO(OH)·nH2O | ||
Strunz-klassifisering | Uklassifisert | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Forskjellige variantar av brun og gul | ||
Krystallform | Finkorna samlingar, pulveraktig belegg | ||
Kløyv | Finst ikkje | ||
Brot | Ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 4 - 5½ | ||
Glans | jordaktig | ||
Strekfarge | Gulbrun | ||
Transparens | Ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2.9 - 4.3 | ||
Tettleik | 2.7 - 4.3 g/cm3 | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.