Goethitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Goethitt er eit særs utbreitt, brunleg jernmineral. Det er kjemisk eit jernhydroksid, a-FeOOH, med rombisk symmetri. Lepidokrokitt, ?-FeOOH, er eit anna mineral med same kjemiske samansetjing men med ein annan krystallstruktur (polymorfi). Goethitt blir danna for ein stor del ved forvitring og oksidasjon av andre jernhaldige mineral. Det er ein viktig bestanddel i brunjernstein (minettemalm; jernoolitt) og i myrmalm, og finst dessutan i den «jernhatten» som ofte blir danna i oksidasjonssonen over ein jernmalm.
Jordaktige material, som oker, rust, limonitt og lateritt, inneheld goethitt i vekslande mengder, ofte tilblanda noko lepidokrokitt. Goethitt kan òg opptre i meir velkrystallisert form som primært hydrotermalmineral, til dømes i kontaktførekomstane i Oslofeltet.
Det er kalla opp etter den tyske Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832). Goethitt var kjend i førhistorisk tid som eit pigment. Det er funne spor av det i malingsprøvar frå grottene i Lascaux i Frankrike. Det vart først skildra i 1806 frå Hollertszuggruva i Dermbach i Herdorf i Siegerland i Rheinland-Pfalz i Tyskland.[3]
Remove ads
Gallery
- Goethitt frå Minas Gerais i Brasil.
- Goethittlag dekkjer rusta pyrittkubar
- Goethitt--Leadville gruvedistrikt i Colorado
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads