Bysantinsk kunst
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bysantinsk kunst viser vanlegvis til den kunsten som blei laga i Det bysantiske riket eller Austromerriket,[1] frå keisar Justinianus si tid på midten av 500-talet til Konstantinopel fall i 1453.
Bysantinsk kunst blir òg brukt for samtidig kunst frå statar som var del av same kulturelle sfære, utan å utgjera ein del av riket – som Bulgaria, Serbia og Russland – eller statar som utgjorde ein del av den vesteuropeiske kultursfæren, men var sterkt påverka av Det bysantinske riket – som kongeriket Sicilia og Venezia.
Nemninga blir òg noko nytta om den kristne kunsten som blei produsert i Det osmanske riket etter 1453 og den ubrotne kunstneriske tradisjonen som heldt fram i Hellas, på Balkan og i Russland og andre austlege ortodokse land inn i våre dagar.
Mosaikkane i Basilica di Sant'Apollinare in Classe i Ravenna i Italia er rekna som nokre av dei fremste gjenverande verka frå tidleg bysantinsk kunst. Mosaikkane som er att i Hagia Sofia blir ofte nemnnde som eit av dei fornemste verka frå den seine, fullt utvikla bysantinske kunsten.