![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/56/Candy-Corn.jpg/640px-Candy-Corn.jpg&w=640&q=50)
Candy corn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Candy corn er små, trekanta godteri frå USA. Dei er typisk delte inn i tre delar med ulike fargar, og har ein voksaktig tekstur og smak basert på honning, sukker, smør og vanilje.[1][2] Candy corn er utbreidd om hausten og til halloween i USA.[2]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/56/Candy-Corn.jpg/640px-Candy-Corn.jpg)
Den opphavlege oppskrifta, som i stor grad framleis er i bruk, går ut på å blanda sukker, maissirup, karnaubavoks og vatn til ei røre og deretter blanda inn fondant og marshmallows for å oppnå den ønska teksturen.[3] Den ferdige blandinga blir varma opp og helt oppi former. Ein må gjera dette tre gonger, ein gong for kvart fargelag.
Dei tradisjonelle fargane gult, kvitt og oransje står for haustfargar[2] eller maiskolbar,[4] der den vide gule enden minnar om maiskorn.[1]