Dei nordlege egeiske øyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei nordlege egeiske øyane (gresk Βόρειο Αιγαίο, Vório Egéo) eller Nord-Egearhavet er ein av tretten periferiar i Hellas og ligg nordaust i Egearhavet. Tyrkia ligg i aust, medan det greske fastlandet ligg i vest og i nord. Sør for periferien ligg Dei sørlege egeiske øyane.
Meir informasjon Dei nordlege egeiske øyane Βόρειο Αιγαίο ...
Dei nordlege egeiske øyane Βόρειο Αιγαίο | |
---|---|
Land: | Hellas |
Hovudstad: | Mytilíni |
Periferieiningar: | Ikaría Sámos Khíos Lésvos Límnos |
Folketal: | 194 943 (2021[1]) |
Areal: | 3 836 km² |
Folketettleik: | 51 /km² |
Heimeside: | www.northaegean.gr |
Close
Periferien omfattar dei tidlegare prefektura Khíos, Lésvos og Sámos. Hovudstaden i periferien er Mytilíni på Lesbos. Periferien har omkring 200 000 innbyggjarar.