Dei sørlege egeiske øyane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei sørlege egeiske øyane (gresk: Νότιο Αιγαίο, Nótio Egéo) eller Sør-Egearhavet er ein av tretten periferiar i Hellas og utgjer den sørlege delen av Egearhavet. Han består av dei to øygruppene og tidlegare prefektura Dodekanesane og Kykladane. Hovudstaden er Ermoúpoli på Sýros, medan enkelte administrative oppgåvert vert utførte frå Ródos by på Ródos, som er det økonomiske og sosiale senteret, samt turistsenter, i periferien.
Meir informasjon Dei sørlege egeiske øyane Νότιο Αιγαίο ...
Dei sørlege egeiske øyane Νότιο Αιγαίο | |
---|---|
![]() | |
Land: | Hellas |
Hovudstad: | Ermoúpoli |
Periferieiningar: | Ándros Tínos Mýkonos Sýros Kéa-Kýthnos Mílos Náxos Páros Thíra Kálymnos Kos Kárpathos-Kásos Ródos |
Folketal: | 327 820 (2021[1]) |
Areal: | 5 286 km² |
Folketettleik: | 62 /km² |
Heimeside: | www.notioaigaio.gr |
Close
Sørvest for periferien ligg Kreta, medan Tyrkia ligg i aust. Det greske fastlandet ligg i nordvest og i nord ligg Dei nordlege egeiske øyane.