Den internasjonale kvalfangstkommisjonen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC, eng. International Whaling Commission) blei skipa som ei følgje av Den internasjonale konvensjonen om regulering av kvalfangst (ICRW)[1] den 2. desember 1946 for å sikra bestanden av kval. Strukturen til IWC baserte seg på at statane basert på langsiktige eigeninteresser ville bli samde om felles prinsipp om forvaltninga av ein felles ressurs, basert på vitskaplege data.[2] Frå 1980-åra har IWC vore det fremste forumet for vern av alle kvalartar.[3] Endringa i mandatet til IWC byrja tidleg på 1970-talet, og er ofte sett i samanheng med SN-konferansen om miljøet til menneske som blei halden i Stockholm i 1972. Resultatet av denne endringa er mest synleg i vedtaket til IWC frå 1986 om eit fem-årig forbod (moratorium) mot kommersiell kvalfangst, som sidan har blitt fortløpande forlenga, og det seinare vedtaket om eit kvalreservat i Antarktis.
Den internasjonale kvalfangstkommisjonen | |||
| |||
Skipa | 2. desember 1946 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Histon and Impington | ||
Nettstad | https://iwc.int/en/ |
Den vernande rolla IWC har teke på seg er blitt sett under press sidan siste halvdel av 1980-åra, då ulike populasjonar av vågekval er blitt hevda å vera store nok til at ein kan tillata avgrensa fangst. Dei skarpe skilja mellom dei som ønskjer å ta opp igjen noko kvalfangst og dei som til no har lykkast med å nekta noka som helst gjenopptaking av fangsten har ført til at pro-kvalfangst-nasjonane har sett spørsmålsteikn ved legitimiteten til IWC sine avgjerder. North Atlantic Marine Mammal Commission er ein motpol til IWC og har hovudkontor i Tromsø. Denne organisasjonen, som blei danna i 1992 og omfattar Grønland, Færøyane, Island og Noreg, jobbar for eit visst uttak av kval i berekraftige bestandar.