kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Tromsø (nordsamisk Romsa) er ein bykommune i Troms fylke. Han er den tredje største bykommunen i landet, og den tolvte etter folketalet. På 1800-talet var den vesle byen ofte besøkt av utanlandske handelsmenn og turistar, og dei var overraska over kultur, klesdrakt og språkkunnskapar mellom borgarskapet i byen, og kalla difor byen «Nordens Paris», eit utnamn som i dag ofte feilaktig blir knytt til nattelivet i byen og det generelt høge aktivitetsnivået.
Tromsø kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Adm.senter | Tromsø | ||
Areal | 2 521,27 km² | ||
• land | 2 477,59 km² | ||
• vatn | 43,68 km² | ||
Folketal | 78 745 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Gunnar Wilhelmsen (Ap) | ||
Kommunenr. | 5501 | ||
Tromsø kommune 69.64961°N 18.95701°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Tromsø | |||
Nettstad: www.tromso.kommune.no | |||
Tromsø er administrasjonssenter for Troms fylke, og var administrasjonssenter for tidlegare Troms og Finnmark fylke, 2020-2023.
Tromsø kjøpstad blei etablert ved ei kongelig forordning av 20.6.1794. Grensene i nord var Hansjordnes i nord og Strandskillet i sør, og grensa mot vest gjekk oppover omtrent til Dramsvegen - Kongsbakken - Vestregata. Prestegarden med kyrkja og kyrkjegarden var ikkje ein del av byen, og dei låg som i øy midt i byen, og dei blei ikkje innlemma i byen før i 1856.
Det var fleire utvidingar av bygrensene. Store endringane kom i 1915 og 1955 då byen blei kraftig utvida mot sør og nord, og mot vest.
Den største byutvidinga kom i 1964. Ved kgl.res. av 7.12.1962 blei Tromsø bykommune slått saman med Hillesøy kommune sin del av Kvaløya og øyene nord for Hekkingen, Ullsfjord kommune med unnatak av Svensbyområdet og Tromsøysund kommune til ein ny kommune. Samanslåinga gjaldt frå 1.1.1964. Den nye kommunens fekk namnet Tromsø kommune.
Tromsø kommune fekk si noverande utstrekning 1. januar 2008 da den søre delen av Reinøya blei overført til Karlsøy kommune.
Tromsø har vore den største kommunen i Troms i folketal sidan 1910-talet, då han passerte Trondenes kommune, med unntak av åra frå slutten av 1940-talet til kommunesamanslåinga i 1964, då Tromsøysund kommune var større.
Folketalsutvikling for noverande Tromsø kommune frå 1910:
Tromsø kommune er delt inn i 20 statistiske delområde fordelt slik (innbyggjartal 2015): På Tromsøya: Tromsø (7 482), Sommerlyst (7 615), Nordre Tromsøya (7 980), Mortensnes (9 211), Søndre Tromsøya (5 729) Sentralt på fastlandet: Kroken (4 752), Tomasjord (5 466), Tromsdalen (5 051), Reinelva-Hundbergan (3 164) Sentralt på Kvaløya: Kvaløybyen (9 416) Elles på fastlandet: Fastlandet nord (549), Ramfjordområdet (1 197), Malangshalvøya (294), Ullsfjord (796) Elles på øyene: Kvaløya søraust (831), Malangskjeften (630), Kattfjord (324), Ersfjord-Røssholmdjupta (476), Kvaløya nordvest (630), Øyene nord (715) Bustad ikkje oppgitt (373)
I 2014 hadde tettstadane i Tromsø kommune desse innbyggjertala i følgje SSB:
Tettstad | Folketal |
---|---|
Tromsø | 33 319 |
Sommarøy | 333 |
Ersfjordbotn | 469 |
Movik | 367 |
Kjosen | 367 |
Hamna | 4 022 |
Tromsdalen | 16 271 |
Kvaløysletta | 8 197 |
Tromsø er endepunkt for Europaveg 8, som går frå Åbo via Kilpisjärvi, Skibotn og Nordkjosbotn. Mellom Skibotn og Nordkjosbotn deler E8 trasé med Europaveg 6. Fylkesveg 91 går frå Fagernes, 20 kilometer sør for Tromsø, til Breivikeidet. Herifrå går det ferge over Ullsfjorden til Svensby i Lyngen kommune. Frå Lyngseidet går det ferge over Lyngen til Olderdalen i Kåfjord kommune der Fv 91 møter Europaveg 6. Fylkesveg 858 går frå Eidkjosen vest for Tromsø sentrum med tunnel Larseng-Vikran til Storsteinnes i Balsfjorden og vidare til Tømmerelva aust for Storsteinnes der Fv 858 møter E6. Fylkesveg 862 går frå Hungerbukta i Tromsdalen via tunnel på Tromsøya og over til Kvaløya der vegen fortset sørover til Eidkjosen og via Kattfjorden til Brensholmen. Fv 862 fortset vidare på Senja. Fylkesveg 863 går frå Kvaløysletta via Kvalsundtunnelen til Hansnes i Karlsøy kommune. Fylkesveg 864 går frå Tomasjord via Tønsvik og Snarby til Oldervik.
Tromsø lufthavn ligg på Langnes, ca. 4 km frå sentrum. Flyplassen er den femte største i Noreg, med over to millionar passasjerar i året (2014).
Hurtigruta kjem til Tromsø kvar dag. Nord-Norgebussen går både sørover til Narvik og austover til Alta. Det går tre hurtigbåtruter til og frå Tromsø: linje 2 går sørover til Harstad med anløp på Finnsnes, i Brøstadbotn og på Engenes, linje 3 går nordover til Skjervøy med fleire anløp undervegs, linje 4 går går sørover til Lysnes på Senja med anløp på Vikran og Tennskjer. Frå Breivikeidet går det bilferge til Svensby i Lyngen kommune. I tillegg er det i sommarhalvåret bilferge frå Brensholmen på Kvaløya til Botnhamn på Senja. Det går også bilferge frå Bellvika på Kvaløya til Vengsøya.
Troms fylkestrafikk har ansvar for busstilbodet i Tromsø kommune.
Det er funne spor etter busetting i området som er 9000 år gamle. Den første kyrkja vart bygd her i 1252, og blei den nordlegaste kyrkja i verda. Ho vart kalla Sancta Maria juxta paganos, eller «Sankta Maria blant heidningane». Frå om lag same tida stammar Skansen, som er ein skanse bygd i torv. Denne blei bygd for å verge området mot herjingane til russarane og karelarane.
Tromsø fekk bystatus og privilegium som kjøpstad i 1794, men på denne tida hadde byen eit innbyggjartal på rundt 80 menneske. På 1800-talet vart byen viktigare. Han vart bispesete i 1834 og fekk ein lærarskule og eit skipsverft i 1848. Tromsø Museum vart skipa i 1872 og Mack-bryggjeriet i 1877.
Ved slutten av hundreåret var byen blitt eit viktig handelssenter i nord, og var utgangspunktet for mange ekspedisjonar til Arktis, og polaroppdagarar som Roald Amundsen, Fridtjof Nansen og Umberto Nobile brukte byen som utgangspunkt. Nordlysobservatoriet vart grunnlagd i 1927.
Flyplassen blei opna for trafikk i 1964. Universitetet i Tromsø blei vedtatt oppretta i 1968 og opna i 1972. I 1998 flytta Norsk Polarinstitutt til Tromsø. Hausten 2005 opna nybygget til Hålogaland Teater.
Tromsø har aldri hatt jernbane. Tettstaden Tromsø er den tredje største byen i Europa utan ein jernbanestasjon, etter byane Łomża og Herten.
Kommunestyret i Tromsø vedtok 19. oktober 2011 å innføre parlamentarisme som styringsmodell for kommunen. Tromsøs første byråd var eit fleirtallsbyråd utgått av Høgre, Framstegspartiet og Venstre, med til saman seks byrådar. Bystyret har 43 medlemmar. Øyvind Hilmarsen vart første byrådsleiar. Etter valet i 2015 vedtok kommunestyret å gå tilbake til formannskapsmodellen. Det skjedde sommaren 2016. Kristin Røymo frå Arbeidarpartiet var byrådsleiar i denne perioden frå valet og til parlamentarismeordninga vart oppheva, medan Jarle Aarbakke var ordførar. Ved avslutninga av parlamentarismen vart Kristin Røymo ordførar, medan Jarle Aarbakke vart varaordførar.[8]
Det er fleire vidaregåande skolar i Tromsø: Kongsbakken videregående skole, Tromsdalen videregående skole, Kvaløya videregående skole, Breivang videregående skole, Ishavsbyen videregående skole og SMI-skolen.
UiT Norges arktiske universitet har åtte fakultet og 14551 studentar (våren 2016), med særleg kompetanse på telemedisin, fiskeriforsking, samiske språk, teoretisk lingvistikk, nordlysforsking og polarforsking generelt. I 2009 vart UiT slått saman med Høgskolen i Tromsø, i 2013 med Høgskolen i Finnmark og i 2016 med Høgskolen i Harstad og Høgskolen i Narvik
Fram til 25. oktober 2022 hadde Tromsø tre vennskapsbyar i Russland: Murmansk, Arkhangelsk og Nadym. Vennskapsavtalene vart avslutta av Tromsø på grunn av krigen i Ukraina.[9]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.