Dronning Anne-krigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dronning Anne-krigen (1702–1713) var den nordamerikanske krigsskodeplassen i den spanske arvefølgjekrigen og den andre i ei rekkje franske og indianske krigar mellom Frankrike og England (seinare Storbritannia)[1] i Nord-Amerika for kontroll over kontinentet. Den spanske arvefølgjekrigen vart hovudsakleg utkjempa i Europa. I tillegg til dei to hovudpartane, omfatta krigen òg mange indianske stammer, allierte til kvar nasjon og Spania, som var allierte med Frankrike.
Dronning Anne-krigen | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | ||||||||
Den europeiske okkupasjonen av Nord-Amerika, 1702 | ||||||||
| ||||||||
Partar | ||||||||
Frankrike Mi'kmaq |
England[1] Storbritannia[1] Muscogee (Creek) |
Irokesarføderasjonen | ||||||
Kommandantar | ||||||||
Joseph de Zúñiga y Zérda Daniel d'Auger de Subercase Philippe de Rigaud, Marquis de Vaudreuil |
Joseph Dudley James Moore Francis Nicholson Hovenden Walker |
Teganissorens | ||||||
Tap | ||||||||
Spania: 50–60[2] Franske koloniar: |
Storbritannia: 900[2]
Ny-England: 200[2] |
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec |
Krigen vart utkjempa på tre frontar:
- Spansk Florida og den engelske provinsen Carolina som gjekk til åtak på kvarandre, og engelskmennene gjekk til åtak på den franske basen i Mobile som i røynda var ein fullmaktskamp med hovudsakleg indianarar på begge sider. Den sørlege krigen førte til at den indianske populasjonen i Spansk Florida nesten vart utsletta, sjølv om han ikkje førte til særlege endringar i landområda. Det spanske misjonsnettverket i området vart øydelagd.
- Dei engelske koloniane i Ny-England kjempa mot franske og indianske styrkar basert i Acadia og Canada. Quebec vart fleire gonger angripen (men aldri teken) av britiske ekspedisjonar, og hovudstaden i Acadia, Port Royal vart teken i 1710. Franskmennene og indianarane utførte raid mot mål i Massachusetts (inkludert dagens Maine), mellom anna raidet på Deerfield i 1704.
- På Newfoundland kjempa engelske kolonistar basert ved St. John's om kontroll over øya med franskmennene basert i Plaisance. Det meste av konflikten bestod i økonomisk øydeleggande raid mot kvar sine busetnader. Franskmennene klarte å erobre St. John's i 1709, men britane tok han raskt attende etter at franskmennene forlet staden.
Etter ein innleiande fred i 1712, enda Utrecht-traktaten krigen i 1713. Han førte til at franskmennene avstod krava sine til områda Hudson Bay, Acadia og Newfoundland til Storbritannia, medan dei fekk behalde Cape Breton og andre øyar i St. Lawrence-bukta. Somme av vilkåra var fleirtydige, og interessene til dei forskjellige indianske stammene vart ikkje omfatta i avtalen, noko som danna grunnlag for framtidige konfliktar.