Eurovision Song Contest 2014 (ESC 2014), offisielt 59. Eurovision Song Contest, var den 59. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i B&W Hallerne i København i Danmark, med semifinalar 6. og 8. mai og finale 10. mai 2014.[1] Programleiarane var Lise Rønne, Nikolaj Koppel og Pilou Asbæk. For fyrste gong vart programleiartrioen sett saman av to menn og éin kvinne.[2]
Datoane for tevlinga vart fyrst sett til 13., 15. og 17. mai, men vart seinare endra av DR i samband med Den europeiske kringkastingsunionen.[1][3]
Det danske kongehuset vart representert av kronprins Frederik av Danmark, kronprinsesse Mary av Danmark, prins Christian av Danmark, prinsesse Isabella av Danmark, prins Vincent av Danmark og prinsesse Josephine av Danmark, som gjestar under finalen. Mary, Christian og Isabella var òg med under familieprøvane til den andre semifinalen, der den australske kringkastaren SSB hadde fått høve til å stå for pauseunderhaldninga. Dei valde truleg å vitja denne semifinalen på grunn av at kronprinsessa kjem frå Australia.[4]
Montenegro og San Marino kvalifiserte seg til finalen for fyrste gong sidan debutane i høvesvis 2007 og 2008.