art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Floreanaspottefugl (Mimus trifasciatus) er ein sterkt truga art av spottefuglar. Han er naturleg endemisk for øya Floreana, ei av Galápagosøyane. På grunn av menneskeleg kolonisering frå 1832 og utover, som innførte predatorar som hundar og kattar, vart arten utrydda på Floreana innan 50 år. Overlevande individ finst no berre på to utilgjengelege, nærliggande øyar. Funnet av floreanaspottefugl er trudd å ha inspirert Charles Darwin i arbeidet med verket om opphavet av artar. Han la merke til klåre skilnader mellom denne og tidlegare observerte spottefuglartar på naboøyar.[1]
Floreanaspottefugl | |
Floreanaspottefugl | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av floreanaspottefugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Spottefuglar Mimidae |
Slekt: | Mimus |
Art: | Floreanaspottefugl M. trifasciatus |
Vitskapleg namn | |
Mimus trifasciatus Gould, 1837 |
Floreanaspottefugl har middels storleik i den biologiske slekta si, med kroppslengd på 25–26 cm og kroppsvekt på ca. 59 til 66 gram, hannfuglar er dei tyngste. Fjørdrakta har gråbrun overside og nær kvit krage og underside. Eit mørkt felt med diffus avgrensing på brystsidene er godt synleg. Nebbet er gråsvart og nedbøygd, beina er mørk grå.[2]
I dag er leveområdet for dei attlevande individa dei små øyane Gardner og Campeón like ved Floreana sør i Galápagosøygruppa. Habitatet er karrig og tørt med innslag av låg kystvegetasjon av trevekster og treliknande kaktus. Dei er beitar mest på bakken og er altetande, men er hovudsakleg insektetarar.[2]
Hekkinga føregår i grupper på typisk 4-5 medlemmar som samarbeider om å hevde eit territorium.[2]
Storleiken på populasjonen er særs liten og fluktuerande. Estimat har variert mellom 48 og 756 frå 2003 til 2012.[3] Arten er klassifisert som sterkt truga.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.