liste over framande arter i norsk natur From Wikipedia, the free encyclopedia
Framandartslista er ei oversikt over framande artar i Noreg og risikoen for at dei skal påvirke økologien i naturmiljøet. Lista er utarbeidd av Artsdatabanken, og ho avløyste den tidlegare Svartelista.
Den 11. august 2023 ga Artsdatabanken ut ei oppdatert versjon av lista.[1]
Formålet med Framandartslista er å presentere Artsdatabanken syn på den økologiske risikoen knytt til framande artar. Med økologisk risiko meiner Artsdatabanken risiko for naturlege artar og naturtypar i Noreg.
Artsdatabanken har risikovurdert artane på lista ut frå den økologiske effekten deira og kva potensial dei har til spreiing og etablering. Kategorian er meint å vera ei objektiv vurdering av den økologiske risikoen kvar art presenterer for norsk naturmangfald, basert på ein standardisert kvantitativ metode.[2][3].
Framandartslista er ei vidareføring av arbeidet med Norsk svarteliste, men ein gjekk bort frå dette omgrepet fordi ein ønskte eit mer nøytralt namn.[4] Mens omgrepet «svarteliste» er verdiladd, og Norsk svarteliste berre omfatta framande artar med høg risiko for å spreie seg i naturen, skal Framandartslista vere ei liste over alle framande artar, både dei med låg og dei med høg økologisk risiko.
Ved klassifiseringa blir det brukt ei risikomatrise. Dette er ein todimensjonal figur der artane er graderte etter økologisk effekt (ingen, liten, middels, stor) og invasjonspotenisal (lite, begrensa, moderat, stort).
Artsdatabanken klassifiserer artane i desse kategoriane:
Den første offisielle økologiske risikovurderinga kom ut i 2007 under namnet Norsk svarteliste 2007 - Økologiske risikovurderinger av fremmede arter.[5]. Denne oversikta omfatta totalt 2483 artar fordelt på 22 artsgrupper, der 217 artar var risikovurderte. Denne lista omfatta også stadeigne artar spreidde til nye delar av Noreg som følgje av menneskeleg aktivitet.
Norsk svarteliste 2007 opererte med tre risikokategoriar:
Fremmede arter i Norge - med norsk svarteliste 2012[6] blei lansert under konferansen Natur 2012 i juni 2012. Dette var ei oversikt over framande artar i Noreg med økologiske riskovurderingar. Stadeigne artar som blei spreidde med menneskeleg hjelp til nye område i Noreg var ikkje med i vurderingane.
Lista fordelte framande artar i 4 overordna grupper:
Lista vurderte risikoen til artar som hadde potensial til å reprodusera i Noreg innan 50 år. Dei brukte fem risikokategoriar:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.