Det gamle testamentet, ofte forkorta til GT, òg kalla Den hebraiske bibelen, er eit kanonisk (heilag) skrift for jødedommen og kristendommen.[1] Skriftet er ein av to hovuddelar av Bibelen; Den andre hovuddelen er Det nye testamentet (ofte forkorta til NT).[1]
- For artikkelen om den hebraiske bibelen i eit jødisk perspektiv, sjå Tanákh.
Kristendommen |
Treeininga |
Gud Fader | Jesus | Den heilage ande | |
Skrifter |
Utøving |
Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat | sakrament |
Retningar |
Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk | |
Livssyklus |
Merkedagar |
Kyrkjeåret: Advent | jul | faste | påske | pinse | olsok | hausttakkefest | helgemesse |
Viktige personar |
Nye testamentet: |
Geistlege |
|
Abrahamittiske rel. |
Jødedom kristendom |
islam bahá’í sikhisme |
Det gamle testamentet «er [eit] kristen[t] [omgrep] og har som føresetnad Det nye testamentet (den kristne dobbeltkanon)», skriv Store Norske Leksikon.[1]
Den hebraiske Bibelen og Det gamle testamentet inneheld om lag dei same bøkene, men rekkefølgen er ulik. Innan dei katolske og ortodokse kyrkjene har testamentet 46 bøker, i protestantismen er sju av desse tekne ut som apokryfe og protestantiske biblar har dei 39 bøker som tilsvarer dei 24 som er godkjende som jødisk kanon.
Namn
Namnet til testamentet kjem frå latin Vetus Testamentum, ei omsetjing av det greske I Palea Diathiki som tyder 'den gamle pakta' eller 'testamentet'. Dette var for å visa at ein meinte den gamle pakta mellom Gud og jødane var blitt erstatta av ei ny då Messias (Jesus) kom til menneska.
Det vanlegaste jødiske namnet på dei same skriftene er Tanákh.
Bøkene i Det gamle testamentet etter kristen tradisjon
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.