Andre mosebok

andre bok i Det gamle testamentet i Bibelen, andre bok i Toráen From Wikipedia, the free encyclopedia

Andre mosebok
Remove ads

Andre mosebok er ei av dei fem mosebøkene i den jødiske Bibelen, Det gamle testamentet. Boka blir også kalla Exodus, då ho handlar om hebrearane si utferd frå Egypt under leiinga til Moses.

Kjappe fakta Språk, Sjanger ...

Innan jødedommen har boka namn etter dei innleiande orda Ve-eleh shemoth ('og dette er namna'), ofte forkorta til «shemoth» (שמות).

Remove ads

Handling

Andre mosebok følgjer livet til Moses. Gud kallar Moses til å føre folket sitt, israelittane, ut av Egypt. Farao i Egypt vil ikkje la folket reise, fordi Gud «vil gjera hjartet hans ubøyeleg, så han ikkje lèt folket fara.»[1]

Gud lar så ei rekkje landeplager ramme Egypt, slik at Moses til slutt kan leia folket sitt. Han reddar dei frå hæren til farao ved Raudehavet, der han deler havet så folket kan krysse det tørrlagde elveleiet. Etter at israelittane har kome seg ut frå Egypt, openberrar Gud seg for Moses på Sinaifjellet og gjev han dei ti bodorda.

Remove ads

Bruk i samfunnet

I Sverige blei Andre Mosebok trykt som tillegg til den svenske landsloven i 1608 og brukt som svensk straffelov. I Christian 5.s danske og norske lov frå 1683 og 1687 var sjette bok (straffelovene) ordna etter dei ti bodorda.[2]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads